Korleis kome seg til Ulstein

Ulstein ligg sentralt plassert på Søre Sunnmøre, midt mellom Trondheim og Bergen.

Den fine plasseringa på kysten gjer Ulstein til eit naturleg knutepunkt anten du er på veg nordover mot Ålesund, austover mot indre Nordfjord, sørover til Bergen, på veg ut mot havet og fuglefjellet Runde eller inn mot Ørsta og Sunnmørsalpane. 

Korleis kome seg til Ulstein

Fly
Både flyplassen på Vigra (Ålesund lufthavn) og Ørsta/Volda (Hovden lufthamn) er enkle å reise til. Vigra er ca. ein times tid unna med hurtigbåt og buss/bil, medan Hovden ligg ein 20 minutts køyretur frå Ulsteinvik.

Buss
Det er busstasjon midt i sentrum (v/«Mjøl og Meir»). Det går bussar nordover og sørover og dagleg ekspressbuss til Oslo. Tar ein buss til Volda, kan ein stige på bussen frå Ålesund til Bergen.

Båt
Fra gamalt av er Ulstein lett tilgjengeleg sjøvegen, anten med hurtigbåt frå/til Hareid og deretter ein ti-minutts køyretur til Ulsteinvik eller med eigen båt og parkering i ei av gjestehamnene i Ulsteinvik.

Praktisk info

Fly

Hurtigbåt

Buss